Med det aller siste artistsleppet til Vinjerock 2026 er årets artistprogram endeleg fullendt, og det er med stoltheit me no annonserar dei siste artistane som skal sy saman heilheita av artistprogrammet i 2026!
Me snakkar om dans langt etter at sola har gått ned, sveitte konsertopplevingar og magiske augneblinkar mellom fjell og fjord på Eidsbugarden.
Det er ei glede å fortelje at Bigbang kjem attende til Vinjerock. Bandet var blant dei aller fyrste som spelte på Vinjerock. Når Øystein Greni, Olaf Olsen og Nikolai Hængsle igjen tek turen til Jotunheimen, ligg alt til rette for eit nytt magisk kapittel i Vinjerock-soga, og me gler oss til å ynskje dei attende til fjella hjå oss.
Når mørket senkar seg over Eidsbugarden, er det duka for full festmodus. Dovlous x Bøllefrø kjem for å avslutte det 20. Vinjerock-året med eit brak. Her blir det elleville rytmar, skyhøg BPM og dans til beina verkeleg kjenner at dei har vore på festival.
Og tru oss – det stoppar ikkje der.
Funk For Forest tek med seg den smittsame jungelfunken sin til Vinjerock for aller fyrste gong. Etter å ha sett fyr på klubbscener og festivalar over heile landet, er me meir enn klare for blåseriff, feite bassgrooves og eit dansegolv i full kok laurdagsnatta.
Torsdagen får ein solid dose klubbmagi når FAFO inntar DJ-bua. Med eit myteomspunne DJ-set som flyt saumlaust mellom house, juke, bass og breaks, ligg alt til rette for ei natt der ingen blir ståande stille.
Internasjonal liveeksplosjon blir det òg når BIJI kjem til fjells. Duoen har teke festivalscener som Roskilde og Way Out West med storm, og leverer eit audiovisuelt univers som boblar over av rytmar, identitet, energi og kulturell stoltheit. Dette blir intenst, dansbart og heilt umogleg å ikkje bli rive med av.
Ikkje minst – SANYU kjem attende! Etter den nydelege konserten hennar i Vinjebue i 2025 måtte me berre få ho attende til Eidsbugarden. Med ei heilt særeigen blanding av soul, jazz, R&B, rap og spoken word, blir dette garantert ei oppleving med både nerve, kraft og nærleik.
Vinjerock 2026 handlar om å feire alt festivalen har vore – og alt han framleis skal vere. Me gler oss enormt til å dele denne jubileumshelga med dykk.
No kan du sjå kva tid og scene artistane speler! Få full oversikt i programmet.
Foto: Helge Brekke