Vinjerock har gratis overnatting i dei mest idylliske omgjevnadene me kan tenke oss: ved Bygdin sine breidder omkrinsa av fjelltoppar.

Sist oppdatert 22. mai 2019

Festivalcamp

Campområdet på Vinjerock er ikkje gjerda inn, og du vel sjølv om du vil setja teltet ditt i nærleiken av festlegheitene eller finne roa godt oppi bakken. Toalett og søppelhandtering finn du i nærleiken av dei mest brukte leirområda. Følg skilta som peikar deg i rett retning.

Me er på fjellet, og som gode fjellfolk driv me sporlaus ferdsel. Det er ikkje lov med eingongsgrillar eller glasflasker i leirområdet. Ikkje ta med deg ting du ikkje vil ta med deg heim att, og pass på at alt av søppel blir sortert og levert. Gode vinjerockarar tek vare på fjellet.

Det kjem til å vera eit avmerkt matlagingsområde ved vatnet utanfor festivalområdet, der det står grillar som alle kan bruke. Her kan du laga mat saman med andre glade vinjerockarar, og bruke primusen din ein plass der det ikkje er fare for å setja merke på bakken. Slett ikkje dumt for naturen, ekstra hyggeleg for deg.

HC-camp

Festivalcampen er stort sett i ulendt terreng med stein, stigar og briskekratt. Difor har Vinjerock reservert eit eige område som er tilrettelagt for dei med funksjonsnedsetting. Der er det flat grasplen og enkel tilgang frå vegen. Området ligg mellom Fondsbu og Eidsbugarden Hotell og er merkt med skilt. 

Lavvotell 

Kom til ferdig oppsett lavvo torsdag kveld, og slepp styret med å pakke han ned igjen sundag morgon. Det fiksar nemleg me! Alt etter kor mykje komfort du vil ha, kan du tinge med alt frå vedfyring til feltsenger, reinskinn og liggjeunderlag. Kvar lavvo tek 5–8 personar, alt etter kor romsleg de vil ha det. Lavvotellet kan du tinga på Ticketco.no.

Tak over hovudet? 

Fondsbu Turisthytte

Turisthytte med sjel og verdas beste kanelsnurrar, driven av Solbjørg Kvalshaug (og DNT) på Eidsbugarden. Nettside finn du her!

Eidsbugarden hotel

For dei som likar det ekstra komfortabelt og triveleg. Nettsida finn du her

Tyinholmen 

Turisthytte eit par kilometer frå Eidsbugarden, for deg som tykkjer det er greitt med ein rusletur i kveldinga. Nettsida? Her.