Vinjerock ligg langt til fjells, men Vinjerockarene får til det meste likevel!

Sist oppdatert 23. juli 2022

Vinjerock blir arrangert mellom fjella i Jotunheimen, i enden av ein lang grusveg, på vakre Eidsbugarden. For at det skal bli ein god festival og infrastrukturen skal fungere, er det viktig at festivaldeltakarane spelar på lag. Korleis kjem du hit?

Festivalekspressen

Reis ubekymra til Vinjerock! Den gode festivalopplevinga byrjar allereie på bussen, som hentar deg på din lokale busstasjon torsdag morgon. Derifrå sklir du elegant forbi alle køar på vegen mot målet, før du kan slenge sekken på ryggen og rusle bort til festivalcampen.

Festivalekspressen går frå Oslo bussterminal, Sandvika bussterminal, Bergen bussterminal og Trondheim busstasjon - utan bussbyte, heilt inn til Eidsbugarden på torsdag. På søndagen kan du tinge billett anten du vil attende til utreisepunktet eller vil vidare til ein av dei andre byane! Hovudmålsetjinga er å gje vinjerockarane ei meir bekymringsfri ferd til og frå festivaleventyret, i tillegg til å redusere antal bilar på landevegen med kurs mot Jotunheimen i midten av juli.

Bussane stopper på vegen slik at du kan få handla med deg det du treng til fjells. Stoppet varar i 30-40 minutt så her er det lurt å ha handlelista klar. Bussane frå Oslo og Sandvika stoppar på Fagernes, frå Bergen i Voss og Trondheim på Dombås. Meld ifrå til bussverten når du kjem på bussen om du ynskjer å handle - om ikkje nokon vil køyrer me vidare mot fjell og moro! 

OBS! Nytt av året er at du må ha ein billett for kvar veg, så hugs å ting retur og!

Kjøp billett til festivalekspressen

Reis kollektivt

Finn kollektivtransport frå der du er, til Tyinkrysset på entur.no og nor-way.no. Der bytter du til lokalbuss, eller vår skyttelbuss.

Samkøyring

Kvart år blir det opprettar me gruppa Vinjeskyss på Facebook for samkøyring til Vinjerock. 

Vinjeskyss 2022

Parkering på festivalparkeringa

Har du tenkt å køyre bil til festivalen lyt du parkere på festivalparkeringa og hoppe på skyttelbussen inn til sjølve festivalområdet på Eidsbugarden (2 mil frå parkeringa). Skyttelbussen er gratis på opningsdagen torsdag og sjølvsagt på heimreisedagen sundag. 

Festivalparkeringa opnar onsdag før festivalen, les meir om parkeringsavgifta i kolonna til høgre.

Parkeringsbilletten scanner du hjå parkeringsvertane våre når du kjem. For å kome til parkeringa følgjer du skilting frå Tyinkrysset i Vang i Valdres.

Det er ikkje mogleg for festivaldeltakarar å køyre inn til Eidsbugarden, og parkerer du langs veg, utanfor veg eller på private hyttetomter, blir du taua bort.

For El-bil er det ladestasjonar på Tyinkrysset fjellstue. 

Kjøp parkeringsbillett

Skyttelbuss frå festivalparkeringa 

Når du har komme med rutebuss til Tyinkrysset eller parkert på festivalparkeringa går vegen vidare med skyttelbuss til festivalområdet. Det er berre torsdag og søndag du har skyttelbuss inkludert i festivalpasset, onsdag må du betale. Avgangstidene ser du i kolonna til høgre. 

Kjem du før onsdag, må du ta ordinær rutebuss frå Tyinkrysset til Eidsbugarden. Rutetidene finn du på entur.no.

Skyttelbussen korresponderer med rutebussar på Tyinkrysset. Festivalarmband må visast for å få vera med skyttelbussen.

Me gjer merksame på at det ikkje vil vere tillate å køyre bil inn til Eidsbugarden før sundag kl 16:00

Lurt å tenke på

Saman med Sweco har Vinjerock laga eit klimerekneskap som visar kva slags utslepp som er størst hjå oss. Øvst på lista ligg mellom anna transport. Om halvparten av dei som kjem til Vinjerock tek festivalekspressen og alle dei som køyrer bil syt for å vere minst tre personar i kvar bil kan me saman halvera utsleppa. 

Så kva er eigentleg lurt å tenke på når det kjem til miljø og lommeboka? Me har samla det viktigaste for deg her: 

  • Ta festivalekspressen - enklast, best for lommeboka og miljøet.
  • Du kan reise kollektivt frå der du er, finn kollektivtransport på entur.no.
  • Lyt du køyre bil, fyll han opp med minst tre glade Vinjerockerar - eller fyll han helst heilt opp.

AVGANGER FESTIVALEKSPRESSEN

OSLO - EIDSBUGARDEN, onsdag 20.07: 10.00 (UTSELD)

OSLO - EIDSBUGARDEN, onsdag 20.07: 15:00 (UTSELD)

OSLO - EIDSBUGARDEN, torsdag 21.07: 08:00 (UTSELD)

OSLO- EIDSBUGARDEN, torsdag 21.07 09:00 (UTSELD)

SANDVIKA- EIDSBUGARDEN, torsdag 21.07: 08.30 (UTSELD)

BERGEN - EIDSBUGARDEN, torsdag 21.07: 09:15 (UTSELD)

TRONDHEIM - EIDSBUGARDEN, torsdag 21.07: 08:00 (FÅ BILLETTAR ATTENDE)

AVGANGER RETUR

EIDSBUGARDEN - OSLO, sundag 24.07: 16:00 (UTSELD)

EIDSBUGARDEN - OSLO, sundag 24.07: 16:30

EIDSBUGARDEN - SANDVIKA, sundag 24.07: 16:30 (FÅ BILLETTAR ATTENDE)

EIDSBUGARDEN - BERGEN, sundag 24.07: 15:00 (UTSELD)

EIDSBUGARDEN - TRONDHEIM, sundag 24.07: 10:00 (UTSELD)

RUTETIDER SKYTTELBUSS 2022:

Tyinkrysset - Tyin - Eidsbugarden

ONSDAG
12:00, 14:00, 16;00, 18:00, 20:00, 22:00.
Pris onsdag; 130,-

TORSDAG
10:00, skytteltrafikk heile
dagen.
Siste buss inn går 22:00
Pris torsdag: gratis med festivalarmband

FREDAG/LAURDAG
12:00, 14:00, 16:00, 18:00, 20:00

Pris fredag/laurdag: 130,-

SUNDAG
Skytteltrafikk heile
dagen.
Pris sundag: gratis med festivalarmand 

Nattbuss til Tyinkrysset

Fredag kveld: 01:15

Laurdag kveld: 01:15
Pris nattbuss: 130,-

Eidsbugarden – Tyin - Tyinkrysset

FREDAG/LAURDAG
13:15, 15:15, 17:15, 19:15 og 21:15 Pris fredag/laurdag: 130,-

SUNDAG
Fyrste buss køyrer kl. 08:00. Skytteltrafikk heile dagen. Siste buss ut går kl. 16:30.

NB! Det er stor fare for kø torsdag ettermiddag og sundag føremiddag. Ver tidleg ute båe desse dagane om du kan!

Pris sundag: Gratis med festivalarmband.

PRISAR FOR PARKERING

Vanleg bil

Ons 20.07. – søn 24.07.: 1000,- 

Tors 21.07. - søn 24.07.: 1000,-

Fre 22.07. – søn 24.07.: 800,-

Laur 23.07. – søn 24.07.:400,-

Alle billettene gjev plass heilt til sundag 24. juli. 

Bilen står parkert på eige ansvar. 

Billetten kan ikkje refunderast.