Inspirert av Aasmund Olavsson Vinje, den første hipsteren i fjellheimen.
Vinjerock skal vera ein musikkfestival som blir gjennomført med minimal påverknad på nærliggande natur. Å halde til i eit nabolag med Jotunheimen og dei høgste fjelltoppane i Nord-Europa, massive isbrear og krystallklare innsjøar gir oss både forpliktingar og inspirasjon. Vinjerock skal vera ein leiende aktør i Norge på å arrangere festivalopplevingar i naturen, og i pakt med naturen.
Kva gjer me?
Å drive ein så miljøvennleg festival som mogleg botnar i nokre ord som er utruleg viktige, men kanskje ikkje dei mest spanande: avfall, energi, innkjøp, mat og transport. Bak desse orda ligg ein haug av tal, analysar og planar. Her får du nokre av tiltaka i praksis:
Vinjerock er ein papirlaus festival. Informasjonen du treng får du på appen Vinjerock (last den ned før du kjem, då!), på nettsida vår og på sosiale medium. Me har forbod mot glasflasker og eingongsgrillar i leiren, og oppmodar alle våre besøkande om å tenke godt igjennom kva dei tek med seg til fjells. Dei siste to åra har vi brukt komposterbare ølglas og matemballasje. Avfallet har blitt til jord på avfallshandteringa SIMAS på Kaupanger, to timar køyring frå festivalen, og skal no nyttast i bærproduksjon.
Du som publikummar kan bidra til miljøsatsinga ved å reise kollektivt til festivalen. Det finn du all informasjon om på transport-sida vår, og med oppmodar sterkt om å nytte anten samkøyring eller kollektivtransport til fjells for å kutte utsleppa.
Me elskar god mat, og i nærområdet til Vinjerock er ein matkulturen sterk og lang. Det syner att på festivalmattilbodet. Me prøver så langt det går å velje lokale leverandørar med produkt me kan stå inne for, som til dømes Tyin Lam, Valdres Gardsost og grønsaker frå lokale leverandørar. Me har alltid vegetariske alternativ på menyen. Ta ein kikk, då vel!
Miljøarbedet er retningslinja vår i val av leverandørar og gjennomføring. Vil du vite meir om miljøarbeidet til Vinjerock, eller har du forslag til korleis me kan bli betre? Send ein mail på post@vinjerock.no, så tek me gjerne ein prat om temaet.
Vinjerock heile året
Vinjerock starta i Vang i Valdres, og lokalsamfunnet er bærebjelken som har gjort at festivalen står støtt etter meir enn 10 år. Om me skal lage Vinjerock i 10 år til, må lokalsamfunnet vera med.
Vinjerock heile året er ei rekke arrangement me lagar saman med lokale aktørar. Tiltaka er støtta av sparebankstiftinga DNB. Gjennom året har det blitt arrangert byttemarknader, debattar og festivalar i Valdres, for små og store.
Vårt nabolag
Saman med Oslo World Music Festival som starta #VÅRTNABOLAG-konseptet er det Vinjerock, Vang frivilligsentral og Vang mottakssenter som står bak festivalen i Vang. Tidlegar år har mellom andre Stein Torleif Bjella, Frida Ånnevik, Moddi, Miss Tati og Oh Mama!Crew stått på scena. Mat og stemning er det dei lokale og bebuarane på Vang mottakssenter som står for. Nabolagsfesten har vore ein festlig hending i lokalsamfunnet dei siste åra, der musikk, kultur, språl og mat møtast i ei herleg blanding. Les meir om prosjektet hos Oslo World Music Festival.
Vesle-Vinje
Våren 2019 arrangeres Vesle-Vinje for fyrste gong. Ein musikkfestival for alle femåringane i Vang kommune, med artistar som Oh Mama!Crew, The Rebels og Anne Marie på plakaten. Med tretten år på baken må Vinjerock tenke på framtida, og framtida er fem år og diggar musikk. Og femåringar er slett ikkje eit musikkpublikum ein køddar med.
– Det er ei skikkeleg tøff målgruppe der spennet går frå AC/DC til «Baby shark dance», fortalde Julie Forchhammer, festivalsjef, etter første bookingmøte med femåringane.
Festivalen går av stabelen i mai 2019.