Vil du vera med og bygge festival i fjellheimen? Bli med å sumarens kjekkaste eventyr og bli med som frivillig på Vinjerock! 

Sist oppdatert 17. januar 2023

Skjema for å søkje som frivillig opnar 13. januar 2023.

Søknadsskjema

OBS! Når du søkjer som frivillig, aksepterer du automatisk frivilligkontrakten, trykk HER for å lesa igjennom.

Å vere frivillig på Vinjerock er å vere ein del av fellesskapet, saman lagar me festival og då er det fort gjort at ein får seg nye vener. Du kan trygt melde deg som frivillig åleine og vite at me kjem alle til å ta godt vare på deg! Du treng korkje ha erfaring eller kunnskap frå før av for å vere frivillig, me stillar med naudsynt opplæring der det trengs. 

Du er sjølvsagt velkomen som frivillig på Vinjerock om du har ein funksjonsnedsettelse, og kan nytte søknadsskjema som alle andre. Ta gjerne kontakt med frivilligsjef Marie Hoff om du har spørsmål. 

Me prøver alltid så godt me kan å oppfylle ønska dine om vakter eller kven du vil jobbe med. Men kan diverre ikkje lova at alle blir oppfylt. Vinjerock er eit fellesskapsprosjekt kor me saman jobbar for at alle skal ha den beste opplevinga og det kan nokre gonger bety at me må stille opp og hjelpe til i andre grupper enn dei me i utgangspunktet er plassert sånn at me alle kan ha det kjekt. 

Me ønskjer alle velkomne som frivillig hjå oss, uavhenging av kor ein kjem frå eller kven ein er. Me håpar at både lokale og langvegsfarande melder seg som frivillige, slik at me saman kan gjera årets Vinjerock til nok ei uforgløymeleg oppleving i fjellheimen for oss alle! 

Artistvert

Nokon må ta vare på dei flotte artistane våre. Som artistvert er du kontaktperson mellom artist og Vinjerock den dagen artisten spelar. Din oppgåve er å passe på at dei som vitjar festivalen har det kjekt når dei er på besøk hjå oss. Du skal gjera klar garderoben deira, hjelpe til med å halde backstage ryddig heile dagen og sørge for at artisten kjem seg dit den skal overnatte (med hjelp ifrå transportavdelinga). Artistvertane bidreg óg i artistrestauranten vår, og med opp- og nedrigg av backstage. 

Barmedarbeidar

Erfaring seier at fjellufta gjer folk ekstra tørste, og me treng nokon med godt humør til å tappe festivaløl og andre gode drikkevarar. Her trivs ein godt om ein liker å kjenne på pulsen til festivalen, møte folk med eit smil og yte god service. Har du erfaring frå før av er det topp, men definitiv ikkje naudsynt eller eit krav. Det viktigaste er at du har stå-på-villje og godt humør! 

OBS: Dersom du ønskjer å vera med i denne gruppa, må du skrive inn personnummer når du fyller ut skjemaet. Det blir berre brukt til å føre personallister.

Bussvert

Har du ei positiv haldning, er serviceinnstilt og likar å prate med folk, er dette noko for deg. Denne gruppa syter for å ta godt imot festivaldeltakarane når dei kjem på parkeringa, og gjev dei ein flott tur frå festivalparkeringa og inn til festivalområdet. Om du i tillegg likar å prate i mikrofon, vil me gjerne ha deg med som guide på skyttelbussane inn til Eidsbugarden eller bussvert på festivalekspressane som går t/r frå Oslo, Sandvika, Bergen og Trondheim. 

Fjellkokk

Svoltne fjellfolk treng ordentleg mat! Som fjellkokk på Vinjerock får du jobbe med fantastiske råvarer (frå Valdres), ta imot bestillingar og servere saman med ein skikkeleg kjekk gjeng som veit å la latteren sitte laust. Har du erfaring frå før av er det topp, men definitiv ikkje naudsynt eller eit krav. Me er mest opptatt av at du er like glad i god mat som oss, og best av alt - frå kjøkkenet har du utsikt utover heile festivalområdet. 

OBS: Dersom du ønskjer å vera med i denne gruppa, må du skrive inn personnummer når du fyller ut skjemaet. Det blir berre brukt til å føre personallister.

Foto og film

Er du fotograf eller berre ein veldig ivrig amatør? Me treng mange og flinke folk til å fange den unike Vinjerockstemninga, både på fjellturar, konsertar, samtalar, i camp og på festivalområdet. Gjengen på foto og film dekkar festivalen gjennom stillbildar og filmsnuttar. Fortel gjerne litt om bakgrunnen din og fortel oss gjerne om kva du kan tenkje deg å dokumentere. Me set òg stor pris på om du kan vise til tidlegare arbeid du har gjort, slik at me får eit inntrykk av kva du er drivande dyktig på.

Supert om du kan stille med kamera/utstyr sjølv; me stiller med låsbare skåp og lademoglegheit på festivalområdet. Fint om du også spesifiserer i søknaden om du er mest interessert i å jobbe med foto eller film.

OBS: Avgrensa plassar.

Info og krambu

Om du likar å hjelpe folk, kan du sjå hit! I Info og Krambu kan me hjelpe til med det meste. Om festivaldeltakarane har eit spørsmål, har mista soveposen sin eller vil kjøpe festival-merch, er du personen dei kjem til, så eit løysingsorientert sinn med sans for salsutstilling er ein uslåeleg kombinasjon.

Miljøarbeidar

Vinjerock går føre seg i fjellheimen, det er derfor ekstra viktig at avfallet frå festivalen vert handtert på ein god måte. Slik at vi kan arrangere festival utan å sette store avtrykk verken i nærområdet eller på kloden vår.
Under festivalen:
Avfallshandtering er ein av dei viktigaste jobbane du gjer som frivillig på miljø, da bidreg DU til at Vinjerock kan vere ein av Noregs mest miljøvennlige festivalar! På miljø-gruppa er du ute i all slags vær og du arbeider alltid i grupper med trivelege folk. Du arbeider to vakter i løpet av festivalen.
Opprigg og nedrigg:
Vi treng også frivillige før og etter festivalen til å rigge infrastrukturen til miljøgruppa opp og for å pakke alt saman ned etter endt festival. Her trengst det folk med praktisk sans, pågangsmot og godt humør, og som ikkje er redde for å arbeide lange dagar. 

Skriv inn kva ferdigheiter du har og om du kan arbeide veka før eller veka etter festivalen.

Område/infrastruktur

Vinjerock treng dyktige folk for å laga eit bra festivalområde. Områdegjengen byggjer opp festivalområdet før festivalen og riggar det ned når festivalen er over. Her trengst det folk med godt utvikla praktisk sans, pågangsmot og godt humør, og som ikkje er redde for å arbeide lange dagar. Det er også behov for mannskap som står for vaktmeistertenester under sjølve festivalen.

Skriv inn kva du kan, og kvifor du vil vera med. Det er også ein fordel om du skriv på om du kan stille i veka før og veka etter festivalen.

Sanitet

Som sanitetspersonell blir du ein uvurderleg ressurs for alle som besøker festivalen. Me tek vare på alle, om det så berre gjeld gnagsår, bankande hovudverk eller overtråkk. Krav til alle søkjarar er at du må vera ferdig utdanna sjukepleiar eller lege. Om du er lege, må du vera ferdig med LIS 1 og ha lisens for å jobbe som lege i Noreg.

Scenearbeidar

Scene, lyd og lys skal riggast opp før festivalen – og ned etter festivalen. Under festivalen hjelper du til på scena under og mellom konsertane, for at programmet skal gå så knirkefritt som mogleg.

Gje opp kva vakter du er interessert i:

  • Opprigg + nedrigg : Arbeid tysdag og onsdag før festivalen + nedrigg på sundag
  • Ei tidleg vakt og ei sein vakt under festivalen + nedrigg på sundag

Solskinnspatrulje

Solskinspatruljen er for deg som er glad i folk, smiler meir enn gjennomsnittet og trivst med å gjera andre betre! Solskinspatruljens oppgåve er å vera dei frivillige sine frivillige. Me skal sørgje for at alle dei frivillige på Vinjerock har det bra, får seg ein kopp kaffi og ein banan og held stemninga oppe 24/7. Dette er nok det hyggelegaste du kan gjera som frivillig! #kosaseg

Transport

Det er mykje varer, utstyr, artistar og folk som skal fraktast til og frå når ein arrangerer festival høgt til fjells. Transportgjengen syter for at alt og alle kjem dit dei skal vere, og at logistikken går saumlaust. Søkjarar med førarkort klasse D1, D1E og BE blir prioritert. Ver snill og oppgje førarkortklassar i søknaden.

Om du ikkje har førarkort, kan du vera med som parkeringsvakt, innkøyringsvakt, områdevakt som passar på at veg og område er i orden, eller hjelpe til med bussavviklinga. I transportgjengen treng vi også parkeringsvakter og bagasjestablarar, som vil vere publikum første og siste møte med festivalen. 

Tryggleik/trivelsvert

Som ordens- og trivselsmedarbeidar er det ikkje nødvendig med forkunnskap frå korkje karate eller tøffe gjengmiljø, her held det at du er omgjengeleg og hyggeleg. Kardemommelova gjeld også på Vinjerock – di oppgåve blir å sjå til at folk trivst, og at det er ro og orden på området slik at alle har det bra.

OBS: Fordi politiet vil sjekke vandelen til vaktene, må dei som ønskjer å vera med i denne gruppa, skrive inn personnummer når dei fyller ut skjemaet.

 

Søknadsskjema

Som frivillig får du, i tillegg til å oppleva Noregs vakraste festival utan å betale eit raudt øre:

  • Festivalpass (dette får du inne på festivalområdet)
  • Vere med på Vinje Rockehøgskule (ei helg i juni der me blir kjend, lærer og har det kjekt i vakre, vene Vang i Valdres)
  • Gratis mat medan du er på jobb under festivalen
  • Litt godsaker frå festivalen sine sponsorar
  • Ei unik frivillig-T-skjorte
  • Gratis transport t/r Tyin–Eidsbugarden (på oppsette tidspunkt)
  • Gratis parkering på Tyinkrysset, men me oppmodar dykk til å fylle bilen med fleire vinjerockarar eller ta kollektivtransport då det er begrensa med parkeringsplassar.
  • Garantert nye, kjekke venner for livet

Har du spørsmål eller er usikker på kva gruppe som passar for deg? Fyr av ein mail til frivilligsjefen Marie Hoff på e-post frivillig@vinjerock.no.

NB! Aldersgrensa for å vere frivillig på Vinjerock er 18 år.