Spørsmål og svar

Generelt

Festivalområdet opnar torsdag klokka 14. 

Det er mogleg å koma seg inn til Eidsbugarden før i veka, men vi gjer merksam på at parkeringskapasiteten er svært avgrensa. Bruk kollektivtransporten som går til Eidsbugarden i dagane før festivalen. Det er forbod mot parkering langs heile Fv252, og feilparkerte bilar vil bli taua vekk utan varsel, då dette skapar store problem for logistikken vår. 

Ja, det kan du - under visse føresetnader: Hundar slepp ikkje inn på sjølve festivalområdet. I campen kan du ha hund, så lenge den ikkje er til sjenanse for andre gjester. Det er ikkje tillat med hund på festivalbussen, på grunn av busselskapet sine krav til allergiomsyn. Eigen transport kan tingast hjå transportsjef Maria Sivertsen, på e-post: sivertsen.maria@gmail.com

Ja, det har me! Det skal vera mogleg å finne noko godt å eta til fjells sjølv om ein har allergiar. Menyen er spikra nærare sumaren, og då finn du den her. 

Jepp! I samarbeid med Vang Energiverk set me opp ladestasjonar rundt omkring på festivalområdet. Fleire har ladepluggar for iPhone og micro-USB, medan ein har støpsel der du kan nytte din eigen lader.

I tillegg kan du kjøpe eller leie powerbankar frå Music Angel i krambua ved festivalinngangen. Her får du nylada powerbank for 250,- og kan byte den inn når den er utlada uendeleg mange gonger under festivalen. Om du leverer den attende får du 80,- i pant. Altså totalt 120,- for å leige uendeleg med straum for heile festivalen! 

Eingongsgrillar og glasflasker er ikkje tillate, av omsyn til miljøet. Bålbrenning er strengt forbode, og me set opp ein fellesgrill på matlagingsområdet i nærleiken av festivalområdet, der du kan grille din eigen mat. Hugs at på festivalkjøkenet finn du flust i godbitar! Primus og anna kokeutstyr er tillate i campen, men bruk slikt utstyr med omhu. Ellers oppmodar me til å ikkje pakke meir enn du har tenkt å ha med deg heim att!

Transport

Erfaringa frå tidlegare år tilseier: Møt opp tidleg! Dei fyrste bussane ut frå festivalområdet sundag har tidlegare vorte fylt fort opp av folk som har venta i kø, for deretter å venta på folk ei god stund før dei fekk fylt opp att neste tur. For at bussane skal få køyrd mest mogleg effektivt og utan forseinkingar vil me dessutan ikkje tillate bilar inn mot Eidsbugarden før sundag ettermiddag, tidlegast klokka 16:30.

Vil du ha ein heilt ubekymra reise kan me anbefale ubekymrabussane som går direkte til og frå Oslo, Sandvika, Bergen og Trondheim.

Utan tvil: Ubekymrabussen! Ubekymrabsusen går frå Oslo, Sanvika, Trondheim og Bergen, og tek deg heile vegen inn til festivalområdet. På søndagen hentar den deg inne på festivalområdet att. Ting billetten din på TicketCo!

Festivalpass

Armbanda blir sendt ut byrjinga av juni. Sørg for at adressa di i Ticketco (om du kjøpe billett på DNT-førehandssalet) eller Ticketmaster (på ordinærsalet) er korrekt før 1. juni! 

Festivalpass kjøpt på DNT sitt førehandssal kan videreselgast gjennom TicketCo si løysing, som du finn her., fram til 10. mai.

Billettar kjøpt på Ticketmaster kan dessverre ikkje videreselgast på same måte, og vi minnar om at alt kjøp og sal av festivalpass utanom våre kanalar skjer på eige ansvar. Les Forbrukartilsynet sine tips for feller du må unngå! 

Ta med deg kopi av ordrebekreftelsen, ID og eventuell fullmakt/kjøpskontrakt (Om du har kjøpt festivalpasset av nokon andre), så ordnar me nye armbånd når du kjem til Eidsbugarden.

Det er mogleg å få utstedt nytt armband på Eidsbugarden (gebyr på kr 200,- kjem i tillegg). Dette ordnar du ved inngangen til festivalområdet på Eidsbugarden frå torsdag formiddag.

Gå inn på https://vinjerock.pay.intellifest.com.

Klikk på «Registrer din konto her» eller kople til med Facebook. Følg deretter instruksjonane på skjermen og fyll ut naudsynt informasjon. Registrer informasjonen på armbandet, slik som det er forklart her.

Det vil vere mogleg både å fylle på kontoen og sjekke saldo på stasjonar inne på konsertområdet (til dømes får du beskjed om kor mykje som er att kvar gong du betalar for noko). Du kan også aktivere ein funksjon som gjer at du automatisk kan fylle opp armbandet med pengar når det er tomt. 

Pengane som ikkje blir brukt opp på festivalen refunderes på følgande vilkår:

  • Påfylling på nett: Uteståande kreditt, kjøpt på nett eller på festivalen med kreditt- eller debitkort, tilbakebetalast automatisk til kortet ditt innan 7 verkedagar etter festivalslutt.

  • Påfylling på festivalområdet: Uteståande kreditt, som er kjøpt på festivalen med kontantar, krever at du fyller ut eit manuelt refusjonsskjema inne på Intellipay-sidene. Dette finn du under tilbakebetalingssida på kontoen din.