Vinjerock 2019 er utseld, og det blir ikkje lagt ut fleire billettar til årets hending. 

Sist oppdatert 22. mai 2019

Festivalpass til Vinjerock 2019 vart selt på Ticketmaster og Ticketco. Billettar som er lagt ut for sal i vidaresalsløysinga vår, finn du på Ticketco.no. 

Det blir selt 3 000 festivalpass til Vinjerock. Når desse er selde, blir det ikkje lagt ut fleire billettar til festivalen. Me gjer merksam på at det er ulovleg å selja og kjøpe billettar på svartebørs til overpris, og me oppmodar deg om å rapportere alle svindelforsøk til oss på e-post: post@vinjerock.no.

Festivalpassa inkluderer festivalbuss t/r festivalparkering, og festivalcamp.

Medlemmar i DNT har moglegheit til å kjøpe eit avgrensa antal billettar i forkant. Billetten er berre gyldig saman med gyldig medlemsprov.

Born under 12 år: Gratis i følge med føresette med festivalpass.

Armband i posten

Alle som har kjøpt billett, får armbandet tilsendt før festivalen. Sjekk at adressa di på TicketCo eller Ticketmaster stemmer, slik at armbandet kjem fram.

Armbanda blir sendt ut i mai/juni 2019, hugs difor å ha rett adresse lagra på «mi side» hjå Ticketco.no og Ticketmaster.no. Siste frist for å endre adresse på profilen din er 1. mai 2019. Armbanda blir sendt til den adressa du då står registrert med.

Dei aller fleste får armbandet tilsendt med post på førehand. Om armbandet ikkje har kome fram eller noko anna uventa har skjedd, får du henta armbandet ved inngangen til festivalområdet på Eidsbugarden. For å få vere med festivalbussane inn frå parkeringsplassen, må du vise armband eller billett, og eventuelt moderasjonsbevis. Hugs også å ha med deg legitimasjon.

Armbandet er lommeboka di under festivalen. Les nederst på sida korleis du fyller på pengar!

6 kjappe om festivalpassa til Vinjerock 

Festivalpass: kr 2200 + billettavgift.

Kvar person kan berre kjøpe fire billettar om gongen.

Born under 12 år: Gratis i følge med føresette m/festivalpass

Det er ikkje mogleg å kjøpe dagsbillettar på Vinjerock. 

Alle billettane inkluderer festivalbuss t/r parkeringsplassane på Tyin torsdag og søndag, samt festivalcamp.

Du kan fylle pengar på armbandet ditt før du kjem. Registrer deg og fyll på pengar på denne sida: https://vinjerock.pay.intellifest.com/ 

Følgepersonbevis («ledsagerbevis»)

Alle som har følgepersonbevis, kan få med seg ein følgeperson på festivalen. Følgepersonen må akkrediterast på førehand og hentar armbandet til festivalen i infoteltet ved inngangen til festivalområdet. Personen med følgepersonbevis må vera med når følgepersonen hentar armbandet sitt. Link til akkrediteringsskjema kjem i juni.

For spørsmål, kontakt carl@vinjerock.no.

Vidaresal av festivalpass

Vinjerock tek ikkje ansvar for billettar som er kjøpt frå andre personar eller gjennom ikkje-autoriserte salskanalar (svartebørs eller privatpersonar). Dersom du vel å kjøpe billett på anna vis, ver sikker på at billetten er ekte (og at seljaren ikkje har forsøkt å selja han til fleire). Ikkje betal meir for billetten enn han i utgangspunktet kostar + billettavgift.

Har nokon kjøpt billetten for deg og namnet til vedkomande står på billetten? Det har ikkje noko å seia i praksis, så lenge billetten din er ekte (kjøpt via TicketCo eller Ticketmaster).

NB: Denne løysinga kan kun nyttast før 10. mai, då adressene må vera registrert på rett person i god tid før armbanda blir sendt ut. DNT-billettar som er kjøpt på Ticketco, kan seljast vidare i eit sikkert system på TicketCo.no. Me håpar Ticketmaster vil lansere eit liknande system i løpet av våren, men kan ikkje garantere noko.

Vidaresal på Ticketco. 

Slik betalar du med armbandet ditt

Vinjerock nyttar den elektroniske betalingsløysinga Intellipay, og betalinga skjer med RFID-armband. Det betyr at armbandet ditt har ei brikke på seg, som fungerer som lommebok under festivalen. Det gir kortare køar, kjappare betaling og lettvint refusjon for deg som festivalpublikummar.  

  1. Opprett konto

Gå inn på https://vinjerock.pay.intellifest.com.

Klikk på «Registrer din konto her» eller kople til med Facebook. Følg deretter instruksjonane på skjermen og fyll ut naudsynt informasjon. Me rådar deg til å kople saman med Facebook, då det som regel tek kortare tid.

No har du din eigen konto! Om kort tid skal det dukke opp ein e-post i e-postkassa di.

NB: Vi opplever at mange hotmail-brukarar ikkje får bekreftelsesmailen, me anbefaler difor å bruke ei anna e-posttjeneste enn hotmail for å registrere seg.

  1. Registrer armbandet ditt

Gå inn på «Mine armband» øvst på sida og deretter vel du «Eg har armband». Tast inn dei to talkombinasjonane som står på baksida av chipen på armbandet ditt og du er registrert. Sikkerheitskoden er nummeret med fem siffer nedst på chipen, medan armbandsnummeret står på dei to øvste linjene og består av 16 siffer. 

Slik ser baksida ut:

  1. Fyll på pengar


Når armbandet er registrert, kan du fylle på pengar inne på kontoen din du no har registrert på Intellipay.

Det vil også vere mogleg både å fylle på kontoen og sjekke saldo på stasjonar inne på konsertområdet. Til dømes får du beskjed om kor mykje pengar som er att kvar gong du betalar for noko. 

Automatisk påfylling

Aktiverer du denne funksjonen og legg inn kortdetaljane dine, vil kontoen din automatisk fyllast opp med 400 kronar kvar gong saldoen på armbandet ditt er under 200 kroner. Då slepp du å gå glipp av den bakte poteten heilt på slutten av kvelden! 

  1. Gå på festival!
  2. Refusjon

Når festivalen er over, vil du som har registrert armbandet på internett i forkant få refundert pengane som er att heilt automatisk. 

Fylt på pengar i Bongbue?

Om du ikkje har registrert deg før festival, men fylt på i Bongbue på festivalområdet under Vinjerock, må du inn og registrere armbandet på https://vinjerock.pay.intellifest.com for å få refundert restbeløpet.

 Refusjon for Vinjerock 2016, 2017 og 2018? 

Vinjerock 2016: Det er mogleg å få refundert desse pengane fram til 24. juli 2019. 

Vinjerock 2017: Det er mogleg å få refundert desse pengane fram til 20. juli 2020. 

Vinjerock 2018: Det er mogleg å få refundert desse pengane fram til 19. juli 2021

Lurar du på noko av dette?

Kva skjer om eg ikkje har fått armbandet i posten?
Det hender noko ikkje går som det skal. Ikkje få panikk. Ta med deg kopi av ordrebekreftelsen, ID og eventuell fullmakt/kjøpskontrakt (Om du har kjøpt festivalpasset av nokon andre), så ordnar me nye armband når du kjem til Eidsbugarden.

Har du mista eller øydelagt armbandet?
Det er mogleg å få nytt armband på Eidsbugarden (gebyr på kr 200,- kjem i tillegg).
Dette ordnar du ved inngangen til festivalområdet på Eidsbugarden frå torsdag formiddag.

Kan eg opprette ein konto sjølv om eg ikkje har armbandet?
Ikkje noko problem! Men du får ikkje fylt på pengar på kontoen før armbandet er knytt til kontoen. Me oppfordrar alle til å registrere seg på førehand. 

Kan eg eigentleg nytte profilen min til noko?
Å, ja! Du kan fylle opp med pengar på nett, følgje med på kva du har kjøpt, aktivere automatisk påfyll av pengar, laste ned kvitteringar, «slå av» mista armband (men det vil jo ikkje skje!), søkje om refusjon av restbeløp og meir til!