Funk For Forest

søndag 19.07 kl. 00:15
FFF26 Stigbuvarp 11

Om du trudde at Marstein var siste stopp på årets konsert-tog, tru om att! Noregs nye favorittorkester Funk For Forest kjem nemleg for å skvise ut alt som er av danseføtane dykkar laurdag natt på Vinjerock!

Og kva eksakt er FFF, lurar du kanskje på? Det er rein energi proppa inn i ein særs funky og dansbar pakke. Klubbfenomenet Funk For Forest har dei siste to åra sett fyr på fullstappa dansegolv i Oslo, Bergen og jamt over dette vidstrakte landet. No kjem dei til Vinjerock med si særeigne blanding av jungelfunk og disko!

Gjer dykk klare for fengjande blåselinjar og tight funk-gitar, forbi djupe bassgrooves og til brennheite tromme- og perkusjonsbrekk med eit ynskje om å gje publikum kronisk rockefot. Vinjerockarar, gjer dykk klare for å gje alt de har når Funk For Forest kjem til Eidsbugarden for fyrste, men slett ikkje siste, gong!