BIJI

lørdag 18.07 kl. 22:00
Chat Singh BIJI Live At B K For Web Images 029

BIJI kjem te Vinjerock! Duoen, samansett av den kurdisk-svenske artisten og skodespelaren Robin Nazari og regissør/produsent Maceo Frost frå Stockholm, har på rekordtid vorte eit av dei mest spanande nye namna på den internasjonale livescena. Med ei eksplosiv blanding av musikk, film og kultur skapar dei eit audiovisuelt univers som boblar over av identitet, motstandskraft og rein livsglede.

Med røter i kurdisk og vestasiatisk musikktradisjon, men med ein moderne miks av hiphop, afrobeat, latin og dance, levere BIJI eit uttrykk som kjennast både djupt personleg og grenselaust på same tid. Her møtast tunge rytmar, sterke visuelle uttrykk og ei feiring av fridom, fellesskap og kulturell stoltheit.

På scena er BIJI eit reint kraftverk. Dei har gått frå intime konsertar på små festivalar til å fylle enorme festivalscener som Roskilde og Way Out West, og publikumstal på over 15 000. I 2025 vann dei pris for beste musikkvideo både under SXSW. Dei har vore nominert til svenske grammis tre gonger og vart også nominert til "best live" under P3 Guld!

Robin Nazari kjenner mange frå Netflix-seriar som Snabba Cash og Clark, men saman med Maceo Frost har han skapt noko som går langt utover både film og musikk. BIJI betyr lenge leve på kurdisk, og det handlar om glede og fellesskap!

Kvar einaste BIJI-konsert er ei heilkroppsoppleving, eit dansande, pulserande og grenselaust møte mellom lyd, rytme og kulturell stoltheit. Vinjerockarar: de kjem ikkje til å stå stille når BIJI tek turen te Eidsbugarden!