Sjølvsagt slår me på stortromma når Vinjerock feira 20 år som festival, og har henta fram eit av dei fyrste banda som nokon gong fekk spele her oppe på Eidsbugarden. Fyrste gongen Bigbang spelte på Vinjerock var i 2007, og sidan den gongen har bandet heidra oss med musikken sin fleire gongar, den eine meir magisk enn den andre.
Det er lett å gløyme at eit så legendarisk band som Bigbang berre er ein trio, men med enorm dugleik, dynamikk og musikalsk multitasking går dei i fotspora åt andre legendariske rocketrioar som Cream, Nirvana og The Jimi Hendrix Experience. Bandet har sida oppstarten endra besetning, men i noverande form har dei funne ein formel som sit som ei kule.
Olaf Olsen bak trommesettet kjenne me frå bror hass Todd Terje sine livekonsertar og det progressive jazzensemblet Needlepoint. Nikolai Hængsle, òg ein travel kar, er kjend som bassist utan sidestykke frå prosjekt som Elephant9 og Band of Gold. Trioen er sjølvsagt ikkje komplett utan Øystein Greni, vokalist, gitarist, låtskrivar og det einaste konstante medlemmet sidan starten. Greni er ein av våre aller mest folkekjære artistar, og saman med Olaf og Niko representerer Bigbang, ifølgje Dagsavisen, «ei urkraft i norsk rocks samtid».
Kva passar vel betre når me skal feire 20 år med rock i Jotunheimen enn Bigbang?