Gjennom tre dagar skal me få sjå og høyre herleg musikk, og den fyrste gjengen som tek turen er no klar!
Daniela Reyes skal halde intimkonsert i Vinjebue med sine underfundige låtar. Me får ein blanding av nordisk melankoli og elektroniske pulsslag frå Elia. Gabba skal blande tradisjonell joik med folkemusikk og americana. Eit samspel me gler oss til!
Smag På Sig Selv tek turen frå Danmark med sine to saksofonar og eine trommesett for å setje fyr på dansegolvet. Medan Stein Torleif Bjella kjem attende til Vinjerock for tredje gong. Han skal levere ein konsert i kjend stil, med varme, klokskap og humor.
Ikkje minst gler det oss at Synne Vo tek turen til fjells, ein felles Innlending frå Lesja med storlåtar kan me setje pris på, og me veit ho syng at "kanskje det går", og det skriv me under på at me trur det vil gå veldig bra!
Sist men ikkje minst vil Valkyrien Allstars ta turen for femte gong med nytt album og skal foreine folkemusikk og pop som ingen andre!
Velkomen til fjells, alle saman!