Jotunheimens pionerar: 150 år med norsk klatresport

fredag 17.07 kl. 11:45
Mohn, Slingsby Ålesund

For 150 år sidan skaut fjellturismen fart og blanda seg med ei politisk og nasjonal reising. Folk ville oppleve fjellheimen, men få av dei bratte toppane hadde hatt besøk.

I juli 1876 drog tre karar gjennom Jotunheimen for å nå toppen av dei «heslege» tindane. Engelskmannen Slingsby, bergensaren Emanuel Mohn og Knut Lykken frå Øystre Slidre. Dei tre vardsette seks toppar på seks dagar, ei rekord utan sidestykke i klatrehistoria.

Toppane var Torfinnstind og Galdebergtind ved Bygdin, Uranostind, Slingsbytind og Gjertvasstind. Den siste av dei seks toppane var Store Skagastølstind, som vart rekna som den gjevaste. Men på toppen av denne kom berre éin av dei tre, engelskmannen Slingsby. Det vart nærast ein skandale at nordmennene svikta då det verkeleg galdt. Medan Slingsby og Emanuel Mohn heldt fram fjellturen, fekk Mohn knusande kritikk i avisene.

Knut Ihlen Tønsberg er sjølv frå ei familie med lang klatrehistorie og besteg Storen for første gong som 13-åring. Sidan har han brukt mykje tid på å fordjupe seg i historia om dei første klatrepionerane i Jotunheimen. Kom innom Parkscena for å høyre han fortelje om det dramatiske og skandaleprega startskotet på norsk klatresport!

Tid: fredag kl. 11:45
Stad: Vinjebue