Eit liv utanfor det vanlege

torsdag 16.07 kl. 14:15
eit liv utanom det vanlege

Gina Johansen er ein svensk eventyrar med ein sterk lidenskap for arktiske skiekspedisjonar. Ho har mellom anna sykla 2700 kilometer langs austkysten av Australia, gått Noreg på langs, kryssa Spitsbergen på Svalbard, gått åleine på ski frå Nordkapp til Jäckvik i Sverige og kryssa Bajkalsjøen i Sibir på eiga hand.

I føredraget tek Gina publikum med til mellom anna Bajkalsjøen, verdas djupaste innsjø, der ho fortel om korleis det er å gå 700 kilometer åleine i temperaturar ned mot 42 minusgrader.

Ho deler òg historia om det neste store prosjektet sitt: ein solo- og usupporta ekspedisjon til Sørpolen, med mål om å setje kvinneleg fartsrekord.

Gjennom føredraget snakkar ho om samarbeid under ekstreme forhold, om å setje seg store og krevjande mål, og om korleis ein utviklar seg ved å gå utanfor komfortsona.

Tid: Torsdag kl. 14:15
Stad: Parkscena