Humorgruppa Dragsug tok norskekysten med storm i 2025, med 18 forestillingar av sitt "Humorhavari".
Fire veker, 550 nautiske mil, mange utselde rorbuar og sju komikarar stua saman på ein seglbåt, gav meirsmak. I 2026 skal dei ut på ny turné langs kysten, men no vågar dei seg også inn i landet! Korleis dette går, får du sjå på Bygdins vakraste strand under Vinjerock 2026.
"Humorhavari 2" har det meste. Dragsug byr på sang, sketsjer, stand-up, improvisasjon, dansenummer, samt lokal tilpasning til publikum og Vinjerock.
Sleng deg ned i lyngen og gjer deg klar til å skratte, humre, hyle, grine og brøle så det ljomar i fjellet!
Tid: Fredag kl 15:00
Stad: Parkscena