Bokbad: Thomas Horgen- "Klatring: en metodebok

lørdag 18.07 kl. 11:00
bokbad Klatring: en metodebok

Har du nokon gong sett opp på ein fjellvegg og lurt på korleis det ville vore å ete nista dinglande i eit tau langt der oppe? Spisse tindar og bratte vegger er ikkje atterhaldne nokre få, dei er opne for alle. Draumen er nærare enn du trur.

For klatrarar er klatring leik. Små feil kan likevel få store konsekvensar, og det er kanskje i spennet mellom leik og alvor at klatringa trollbind oss. For å nyte magien må ein klatrar vere både skjerpa og kompetent. Nesten alle klatreulukker kjem av menneskelege feil, og klatring krev difor vilje til læring gjennom eit langt liv i veggen.

Thomas Horgen byrja å klatre i 2001 og har sidan arbeidd som sikringsleiar, kursleiar og ruteutviklar i norske fjell, på oljeplattformer og høge bygningar. Han er godkjend etter standarden til Norsk Fjellsportforum og har i ei årrekkje undervist klatrarar på alle nivå. Thomas er òg redningsklatrar i Norske Alpine Redningsgrupper.

Thomas Horgen kjem til Vinjerock for å bli bokbada i samband med den nye boka si, Klatring: en metodebok. Eit metodisk overskot gjev meir klatreglede og opnar døra til fleire eventyr. Så kom på bokbad på Parkscena, anten du drøymer om den første turen din på ekte stein eller har Sydpillaren på Stetind i sikte.

Tid: Laurdag kl. 11:00
Stad: Parkscena