Bokbad: Slemme jenter

torsdag 16.07 kl. 17:00
Monica Goks Yr 3 Foto Oda Berby Small 1 1

Nokre bøker fortel historier vi kjenner att. Andre opnar dører inn til liv og erfaringar som utfordrar oss, uroar oss og blir verande lenge etter at siste side er lesen. Slemme jenter av Monica Goksøyr gjer kanskje litt av begge delar.

Gjennom sju noveller møter vi unge kvinner som står midt i den urolege overgangen mellom å vere den ein har vore, og den ein prøver å bli. Dei lengtar etter nærleik, fridom og ei kjensle av å høyre til, men tek val som ikkje alltid fører dit dei håpa. Her finst forelsking og svik, vennskap og sakn, rus, skam, lengt og sårbarheit. Ulike menneske som prøver å finne fotfeste i ei verd der identitet, familie og tilhøyrsle ikkje alltid er enkle storleikar.

Monica Goksøyr er vaksen opp på øya Runde på Sunnmøre og har røter i Thailand. Ho markerte seg for alvor då ho debuterte med Slemme jenter i 2023, ei bok ho vann Tarjei Vesaas' debutantpris for.

I stemningsfulle Vinjebue kjem Monica for å snakke om Slemme jenter saman med litteraturvitar og forlagsassistent Vilja Antonsen i eit intimt og stemningsfullt bokbad. Vel møtt! 

Tid: Torsdag kl 17:00
Stad: Vinjebue