Solbjørg om Aasmund Olavsson Vinje

fredag 18.07 kl. 15.30
Kopi Av Solbjørg

Solbjørg Kvålshaugen er ein makelaus fortjelar med eit brennande hjarte for Aasmund Olavsson Vinje. 

Solbjørg har drive DNT Fondsbu i meir enn 20 år, og ho kjenner Aasmund Olavsson Vinje betre enn dei fleste. I Vinjebue tar ho deg med på ei ferd gjennom livet hans og ikkje minst vegen fram til Eidsbugarden hans, som er krydra med  både pågangsmot og livskraft, glede, sorg og tragedie. Gjennom intens karaktertolking og bruk av hans eigne tekstar blir du drage inn i Vinje sitt univers og kan gløyme omverda for ei lita stund