Hemmelige Norge

fredag 18.07 kl. 11.00
Hemmelige Norge (8) Forfatter

Det gøymde friluftslivet - Eit føredrag om natur og norske hemmelegheiter. 

I årevis har forfattar Marius Nergård Pettersen reist landet rundt på jakt etter gøymde ting i norsk natur, hovudsakleg etter små, hemmelege hytter. Stadene og folka han har funne er skildra i bøkene Hemmelige hytter og Hemmelige Norge, som begge er blitt møtte med stor entusiasme frå lesarar og kritikarar.

I dette føredraget tek forfattaren oss med inn i gøymde sider ved friluftslivet. Til stader som offisielt sett ikkje finst, med folk som finn nokre av livets finaste augneblink der ingen andre går. Resultatet er eit annleis og underhaldande føredrag om løyndomar, enkle verdiar og kjærleik til naturen.

MARIUS NERGÅRD PETTERSEN er prisvinnande forfattar og fotograf. Han har gitt ut tolv bøker og arbeider berre med tematikk knytt til natur og friluftsliv.