Eventyrstund for vaksne

torsdag 17.07 kl. 15.00
Vinjerock2024 06

Ikkje alle eventyr er for barn, og desse skal du utvilsamt ha vaksen-armband for å lytte til! 

Me gjentek suksessen frå i fjor!

Dei erotiske eventyra har eit frodig språk og ei handling lite eigna for sarte vaksne. Som dei klassiske folkeeventyra er dei overlevert frå munn til munn i uminnelege tider før dei vart skrive ned for snart 200 år sidan. Men dei erotiske eventyra vart sensurert i mange år før dei fekk kome fram att i lyset. Og no blir det altså høgtlesing av erotiske folkeeventyr i storteltet på Vinjerock torsdag kl. 15. Blir det Vinjerock sitt svar på pute-tv når Marianne les?