Stigar og knausar - vegen mot stiløping

lørdag 20.07 kl. 10.00
IMG 5874

Lurar du på korleis ein dreg på fjelltur med ein sekk som veg under 3,5 kilo? Då er me glade for å fortelje at Ulrikke kjem attende til Vinjerock for å fortelje om korleis du gjer det! 

Noreg er eit perfekt utgansgpunkt for fastpacking, som er ein kombinasjon av backpacking og springing, der ein pakkar så lett og smart at ein kan forflytte seg raskt på stigar i skog og fjell over fleire dagar. Med eit velutvikla nettverk av DNT-hytter, merka stigar og bekkar å drikke av over kvar einaste fjellknaus, er noregs fjellheimar nærast skapt for denne veksande aktiviteten. 

For seks år sidan bytta Ulrikke ut fjellstøvlane med nokre lette løpesko, utan å ha spesielt mykje erfaring med å korkje springe langt eller mykje. Det skulle berre ein tur i fjellet til før ho skjøna at dette skulle bli den nye standaren for dei årlege hytte-til-hytte-turane, og ho har ikkje sett seg tilbake sidan. Ulrikke fortel om hennar erfaringar, kvifor ein kan pakke ein fjellsekk på under 3,5 kilo og samstundes ta hand om tryggleiken når ein spring i fjellet. Dette er foredraget for deg som er nysgjerrig på fastpacking og som treng pakke- eller rutetips, eller for deg som aldri har høyrt om det, men kanskje er på utkikk etter ein ny hobby? Springing i fjellet er for dei fleste!