Småbruksdraumen

fredag 19.07 kl. 10.30
Tor Evert Web 1720

Kanskje har du sett Tor-Evert Grøndal si reise på Øvre Brekkebakkadn i Valdres og kjent på småbruksdraumen? 

I 2018 tok Tor-Evert steget ut av bylivet og kjøpte seg eit forfallent bruk i Vang i Valdres. No har han skrive boka "Småbruksdraumen - livet på landet og kva me eigentleg leiter etter" om reisa frå å bu i eit telt i ei falleferdig låve til familieheim og møte med den store kjærleiken. Me inviterer til bokbad med Tor-Evert på Vinjerock der me skal prate om gårdseventyret, dei indre demonane, utanforskap og kva me eigentleg leiter etter når me lengtar etter det gode livet på landet.