Mot alle odds

lørdag 20.07 kl. 11.00
Unnamed

Konrad Åsnes er 17 år i 2020 då ei stupulykke på tur med DNT-ung gjer han lam frå brystet og ned. Livet til turglade Konrad snus på hovudet, og plutseleg ser verda heilt annleis ut. Han bestemmer seg trass alt for at han skal tilbake til friluftslivet.

Under eit år etter ulykka, og utallige timar med trening, er han allereie tilbake på tur. I 2024 vart han den første lamme personen til å gjennomføre den 120 km lange ekspedisjonen Noreg på tvers. I samarbeid med DNT-ung kjem Konrad til Vinjerock saman med sin gode ven og friluftsentusiast, Tilde Hoel Thorkildsen. Dei møttest i DNT-ung, har vore mykje på tur saman både før og etter ulykka, og Thilde var dessutan turleiar på turen kor ulykka skjedde. No kjem dei til Vinjerock for å dele a si historie og om kvifor det er så viktig med eit tilgjengeleg friluftsliv.