Åleine frå sør til nord

fredag 19.07 kl. 15.00
3AD4F39E CF92 4961 9619 14DD5D21813C Original

Guro Sandvin Groven er den yngste kvinna nokonsinne som har gått Noreg på langs på ski. Då ho var 20 år la ho ein distanse på 2500 km frå Lindesnes til Nordkapp bak seg på 111 dagar. No tek ho turen til Vinjerock for å gje oss eit eksklusivt innblikk å kva som vert kravd for å gjennomføre kanskje den største bragda i norsk friluftsliv. 

Med ekspidisjonen som bakteppe tek ho Vinjerockarane med på eventyret hos skapa vinteren 2021. Foredraget er fullspekka av spanande historiar, openbaringar, refleksjonar og erfaringar frå norsk natur på sitt tøffaste og finaste. Med humor og eit glimt i auget fortel ho om oppturane, nedturane, dei livsfarlege augeblikka, tvilen, frykta, men mest av alt gleda ho opplevde åleine på tur. Me får sjå bildar utan filter og skamlause videoar i eit forsøk på å forklare kvifor ein som 20-åring ynskjer å gå på ski åleine i nokon-og-hundre-dagar.

Foto: Ask Synnevaag