Valkyrien Allstars

Valkyrien Allstars Erik Havnes

Eitt av landets aller beste liveband kjem til Eidsbugarden når Vinjerock feirar 20 år som festival – me snakkar sjølvsagt om Valkyrien Allstars!Dei har nyleg gjeve ut si sjuande plate “Venter på noen, som venter på noen” til enorm respons frå både publikum og presse. Då passar det godt at dei gjer si femte opptreden på Vinjerock no i 2026 Bandet er i toppform: Eirik har blitt endå betre på gitar, Martin har lært seg å spele banjo, Magnus har limt bassen, og Tuva har fylt pennen!

“Venter på noen som venter på noen” syner fram Valkyrien som dei pionerane dei er – og har vore sidan starten i 2007. Med tekstar om liv og levnet foreinar dei folkemusikk og pop som ingen andre, og dei spelar som om fanden sjølv hadde sett fyr på dei. Vinjerockarar, de er åtvara – gjer dykk klare til å trampe, skrike og syngje med når Valkyrien Allstars er tilbake 1060 meter over havet!