Stein Torleif Bjella

Bjella Presse Marthe Vannebo1

Det er med ekte fjellglede og varme vi ønskjer ein av landets mest markante visestemmer velkomen attende til fjells: Stein Torleif Bjella! Etter eit eventyrleg år med suksess i Hver gang vi møtes og fulle hus frå sør til nord, legg Bjella og hans makelause lag ruta vidare til Eidsbugarden.

Med seg har han eit stødig og velspelt band: Geir Sundstøl på gitar, Eirik Øien på bass, Kenneth Kapstad på trommer og David Wallumrød på tangentar. Samla løftar dei klassikarar, nytolkingar og skjulte skattar til nye høgder som om fjella sjølv er plugga i gitarforsterkaren.

På scena byr Bjella på alt det vi er glade i: det varme og kloke, humor fletta inn i det ettertenksame. Ein konsert som treff både hjartet, tankane, og dei som har lyst til å danse forsiktig i fjellstøvlane. Og ja… det ryktast at den legendariske fruktkorga også kan finne vegen til fjells. Bjella på Vinjerock: betre blir det knapt!