Staut

Staut Pressebilde

Me kan rett og slett ikkje feire 20 år med Vinjerock utan sjølvaste kronjuvelane frå Valdres – nemleg STAUT! Dei kjem brennheite og klåre frå sitt eige heidundranes jubileumsår, fylt med kritikarros og folkefest frå nord til sør, men alltid med blikket retta framover.

Våren 2025 har dei halde til i studio, og fyrste singel frå den komande plata, Trur du veit, vitnar om både kreativt overskot og ei tydeleg retning. Gjennom 15 år har STAUT festa grepet som eitt av landets mest hardtarbeidande og ettertrakta band.

– Det er live me kjenner at det verkeleg skjer. Publikum, augneblinken, nerva. Me trivst best når me er på scena – det er der me høyrer heime, seier bandet. Me kunne ikkje vore meir einige, og me er både sjeleglade og audmjukt stolte av at Valdres-gutane skal avslutte fredagskvelden på Store-scena under årets festival!