Kva passar vel betre når Vinjerock feirar 20 år, enn litt politisk lada bondepønk? Sliteneliten kjempar seg til Eidsbugarden væpna med fele, tverrfløyte og eit ranglete komp for å misjonere det venstreradikale bodskapet! På seks år har dei sleppt to album, turnert land og strand, og i 2024 fekk dei til og med heile Roskilde til å juble med på hiten «Den lesbiske dalen»!
Verken marknadskreftene eller kulturelle viktigperar bad om at seks frittalande kvinner skulle plukke opp instrument, nokre av dei for aller fyrste gong, og starte noko som best kan skildrast som ein halvdel band og ein halvdel politisk prosjekt. Dette er lyden av unge vaksne anno 2026 som har fått servert ei øydelagd verd saman med ei melding om at ingenting nokon gong kan forandre seg. Det nektar Sliteneliten å godta. Med maksimalisme og sceneshow, håp, varme og glede serverer dei eit prov på at ei anna verd er mogleg … og litt av den verda får du kjenne på når Sliteneliten opnar årets Vinjerock torsdag 16. juli!