THANK GOD! Sa_G tek fjellheimen for fyrste gong i 2026, og me dirrar av glede over å få ynskje velkomen ei av dei mest spanande rapperane i Norge akkurat no. På kort tid har ho vorte kalla ein «kompromisslaus ny stemme i norsk rap» av P3, og fått ros frå artistar som Cezinando og Chirag, alt før ho i det heile teke sleppte fjorårets debutalbum, det monumentale GUNHILD!
Er sjølvtillit arroganse? Er sårbarheit ei veikskap? Med fryktlaus energi og kunstnarisk stålkontroll maktar Sa_G å romme ei heil verd i éin låt, og GUNHILD syner seg like mykje som ei introspektiv reise som eit energisk rapalbum. Dette er musikk laga for å treffe både hovudtelefonar og klubbscener – og no, endeleg, for å få heile Jotunheimen te å rope «Hvem er din MOOOOR?» i kor!