Oddny-frontmann Iver Strand Senneset vart akkurat nominert til 2 Spellemann-prisar, og me kan endeleg avsløre at snakkis-bandet frå Bremanger kjem til Jotunheimen! Med låtar som “Oktober, Bergen by” og “Alma” har dei for lengst plassert seg som eit vestlandsk unikum i norsk musikkliv. Dei gjer suksess på radio, dei sel ut både Parkteateret og Kulturhuset i Bergen, dei stikk av med prisar og stipend i fleng og det seier sitt: Oddny treff folk midt i bringa.
Med sin heilt eigne og særs gjenkjennelege signatur, miksar dei alternativ poprock med tekster på dialekt fullada av nerve og nærleik. Bandet held til i Gamlahuset i Bremanger - eit slags musikalsk kollektiv der dei i periodar bur, jobbar, skriv og speler inn låtane sine. Men, det er der ute magien skjer, og Oddny kjem til Vinjerock i full framdrift - skjerpa, inspirerte og med planane klare! Det er berre å bøye seg i lua, me gler oss!