Lindstrøm

Lindstrøm41389(1)

Ein draum går i oppfylling, den kosmiske disko-meisteren Lindstrøm kjem til Vinjerock i 2026!

I over 20 år har han vore ein premissleverandør for norsk elektronisk musikk og sørgd for at generasjonar nordmenn har svinga seg natta lang til låta som I Feel Space, Boney M Down og Lovesick. I 2025 sleppte han sitt seinaste album, Sirius Syntoms, ei plate der synthane glitrar og perkusjonen pulserer under hypnotiske basslinjer og luftige, magiske melodiar.

No kjem Lindstrøm til fjells og tek med seg den heilt særeigne sounden sin, og leverer ei konsertoppleving som blandar dei karakteristiske produksjonane hans med eit dynamisk liveuttrykk. Repertoaret er stort og variert, dei fire Spellemannprisene talar for seg sjølve, og tilstadeveret er rett og slett ut avdenne verda.

Vinjerockarar, er de klare for ein tur te stjernane?