Giddy up, Vinjerockarar! Noregs nye countryfenomen kjem til Vinjerock med fullt band! Med ei stor og tidlaus røyst vert Diddi Velle alt samanlikna med storleikar som Dolly Parton og Tanya Tucker. Og som om ikkje det var nok har ho alt spelt inn debutalbumet sitt med eit stjernespekka lag i legendariske The Sound Emporium i Nashville!
Diddi Velle fer fram som ein rakett og har det siste året gått viralt med millionar av visningar på nett. Det er ikkje lenge før du ser ho på nokre av dei kulaste festivalane i landet, sjølvsagt òg på Vinjerock.
Vinjerockarar, gjer dykk klare til ein ekte countryfest!