Andreas Rotevatn

Rotevatn Ute 1 Foto Bjørnar Sira(1)

Nynorsk, natur og musikk - tre favorittar me i Vinjerock har til felles med Andreas Rotevatn. Me er ekstatiske for å ønskje velkommen trombone-torpedoen frå Nordfjordeid til fjells i sumar! 

 "Tenk at musikk kan være så leken og innfallsrik, så energisk, drivende og kødden, så smart og så dum! Musikken er pop, men ikke popete. Det er jazzete, men ikke jazz. Men hvem bryr seg egentlig om slike kategorier? Andreas Rotevatn er rett og slett grisebra musikk! Terningkast 6” Slik oppsummerte BTs anmelder konserten has på Vill Vill Vest 2024, og ja, einkvan stad i midten der finn du musikken til Andreas Rotevatn.

Albumet “Av daude gror” kom ut i 2024, og markerte starten på solokarriera til Rotevatn. Før dette har Nordfjordingen hatt ei solid karriere som musikar og komponist og kan liste Cezinando, Jaga Jazzist og ikkje minst ensemblet OJKOS som tidlegare samarbeidspartnarar. Sammen med OJKOS har han til og med gitt ut ei låt inspirert av Assmund Olavsson Vinje si bok “Ferdaminne frå sumaren 1860”. 

Nu kjem Andreas Rotevatn med nokon av Norges finaste jazzmusikarar, brennande heitt nytt materiale og me gjer oss klare for fjellheimens finaste dansegolv.