Sushi x Kobe

torsdag 17.07 kl. 21.00
R1 00502 018A

Har du høyrt rapmusikk så aggressiv og hyperenergisk at det heller minner om framtidas pønk? Då har du kanskje vore på konsert med Onge Sushimane og Kobe. Saman med DJ FAKETHIAS kjem dei ikkje for å stryke deg medhårs – dei kjem for å rive deg opp med røtene. Med bekmørke, surrealistiske tekstar og trap-beats harde som berget under Vinjerock, lagar dei noko av den mest kompromisslause musikken Norge har sett. 

Ein konsert med Sushi x Kobe kjennest meir som eit basketak på ein fotballpub enn ein hiphop-konsert, og nettopp difor var dei lenge en favoritt i undergrunnen. Frå Soundcloud-sensasjon til millionstraumingar, frå sveitte klubbscener til Bergenfest, Øya og Roskilde – denne duoen leverer som dynamitt, kvar einaste gong.

Gjer deg klar for ei oppleving som landar ein stad mellom stagediving og fullstendig mental kollaps. Dette blir brutalt. Dette blir vakkert. Dette blir perfekt for Vinjerock.