Sløtface

fredag 18.07 kl. 21.00
Sløtface Credit Leah Håland Solomons 51(1)

Endeleg er Sløtface tilbake på Vinjerock. Dette er eit band som lever for å få deg til å synge med, danse til du mistar pusten og kaste deg inn i mosh-piten som om det var det siste du gjorde.

I september 2024 sleppte dei sitt nyaste abum, Film Buff, ei eksplosiv hit-parade skreddarsydd for sveitte klubbkveldar og store festivalscener. No er dei ute på turné, og du kan gløyme å kome deg tørrskodd frå denne konserten – her blir det fest frå start til slutt.

Med Spellemannpris i sekken, internasjonal hype, ein låt med i Netflix-serien Sex Education og ein vokalist kåra til ei av verdas største rockestjerner av magasinert Kerrang, er Sløtface betre enn nokon gong. Skal du sjå dei live, er det no det gjeld!