Pumpegris

torsdag 17.07 kl. 22.00
24 10 Pumpegris Fschwarz 12(1)

Pumpegris kjem til Vinjerock for å spre den norske folkemusikken med fest og faenskap, akkurat slik han oppstod. Dei kan spele natta ut med steinharde slåtter, ærlige tekstar og ein groove som luktar både stall og storby. Vokalist Vera Sonne leikar seg mellom kveding og rap, medan resten av bandet dyttar tradisjonane inn i eit skittent, funky og sjukt dansbart univers.

Med debutalbumet Fritids, produsert av Tuva Syvertsen, møter slåtter shoegaze, fuzzgitar flettar fingrar med salmetonar, og norsk kulturarv smell saman med ungdommeleg råskap. Gjer deg klar for noko nært, groovy og grisefett.