Kva er det Nils Bech ikkje har gjort? Frå det kongelege gullbryllaupet i Oslo domkyrkje, Veneziabiennalen, duettar med Bjørn Eidsvåg og Dutty Dior, «O helga natt» i Skam, samarbeid med Nasjonalballetten, bestillingsverk og prisnominasjonar herifrå og til taket – alt levert med eit kompromisslaust uttrykk. Nemninga «nasjonalskatt» høyrer han til like naturleg som Brudeferd i Hardanger, og denne sumaren er vi så heldige at han tek med seg sitt uimotståelege kunstnarskap til Vinjerock!
Artisten Nils Bech er kjend for sin bemerkelsesverdige stemme og for sine kritikerroste framsyninger i full kunstnarisk utfalding. Han er ein artist i særklasse – ei stjerne som skin like sterkt i ein sveitt klubb som på teater- og festivalscener, både i og utanfor Noreg. Bech har gjort det til sitt varemerke å komplettere det unike musikalske uttrykket sitt med sterke visuelle verkemiddel. Han har evna til å kombinere høg- og lågkultur, børs og katedral, samtidsmusikk og slagere – på ein måte ingen andre norske artistar får til. Alltid overraskande, alltid inderleg, og alltid med Bechs særeigne formidling og kunstnariske ambisjon i sentrum. Hald fast i dei du står ved sida av – for Nils Bech framkallar gjerne latterkrampar, tårevåte augekrokar og uendeleg mykje hengivenheit, kvar einaste gong han dukkar opp!