Nedja er ikkje berre ein DJ – ho er ein historieforteljar med beats og ho kjem for å avslutte torsdags kveld på Vinjerock 2025. Med tunisiske og norske røter, vev ho saman lydar frå heile verda til eit groove som set danselystne føter i bevegelse.
I setta hennar møter Gqom Amapiano, Kuduro flettar fingrar med Baile Funk, og arabiske folketonar svever over tunge basslinjer. Det er dristig, det er atmosfærisk, og det er heilt umogleg å stå stille.
Nedja tek deg med på ei reise gjennom pulserande rytmar og sveitte dansegolv – eit DJ-sett som kjem til å sitje i kroppen lenge etter siste beat har dunka ut i natta.