Indieseksuell

fredag 18.04 kl. 00.00
Indieseksuell Foto Helge Brekke & Hello Gonzo(1)

Det er med stor glede at me kan avsløre at sjølvaste Indieseksuell kjem tilbake til Vinjerock for å feire sitt eiget 15-års jubileum slik som kun han veit. Sidan 2010 har Indieseksuell levert skeiv og vindskeiv pop til tettpakka dansegolv over heile verda – og ja, sjølvaste Robyn har kalla dei ein favoritt. Då veit du at du er i trygge, men absolutt uforutsigbare hender.

Når Øyvind Rones tek over spakane, er det berre å halde seg fast. Festivalsetta er berykta for sin skamlause energi, klubbsetta som ei velkomponert godtepose av låtar du ikkje visste du elska. Indieseksuell har aldri vore redde for å gå i alle retningar – og det er nettopp derfor han har blitt ein favoritt hjå Vinjerockarar.