9 grader nord

torsdag 18.07 kl. 20.00
Synnesbboenes 9Gradernord 039 (1)

Bandet som gjev oss tamilsk folkrock frå øvste hylle og har en Spellemann for å bevise det er klare for Vinjerock 2024 - velkomen attende 9 grader nord, fjellet har lengta etter dykk! 

Bandet beståande av Mira og Dipha Thiruchelvam, Jakob Sisselson Hamre og Jakob Sønnesyn slapp hausten 2023 deira andre plate “Yalpanam”, ei plate som fekk kasta både femmarar og seksarar etter seg. Namnet er ikkje tilfeldig, men spel på deira fyrste plate “Jaffna”, namnet på heimbyen på Sri Lanka der foreldra til systrene Mira og Dipha kjem frå. “Jaffna” er det byen vart kalla etter den britiske koloniseringa, medan “Yalpanam” er det gamle, originale namnet til de vakre byen. Plata tek oss med på ei personleg reise frå då foreldra til systrene kom til Noreg, indre konflikt som minoritets-kunstnarar i eit gap mellom to verder og til slutt ein søken etter anerkjennelse og bekreftelse frå sine eigne. 

Me gler oss!

Foto: Synne Sofi Bønes Bårdsdatter