Uranostind (2157 moh.)
Var det nokon som sa vakraste tinden i heile Jotunheimen? Vel, no kan du avgjere sjølv kva du tykkjer, for saman med lokale fjellførarar frå Tau & Tind vert det fem turar til Uranostind under årets Vinjerock.
Me lovar storslagen natur, brevandring, og om været speler på lag - ei utsikt frå toppen du seint vil gløyme.
Fjellet blei først bestege i 1876, og blir av mange rekna som ein av dei vakraste tindane i heile Jotunheimen. Frå toppen ventar ei utsikt du seint vil gløyme, med tindar, brear og fjellsjøar i alle retningar. På klårversdagar skin toppane rundt deg som ei krone, og du kan til og med sjå heilt til Gaustatoppen i sør.
Gradering: Raud
Plassar: 14 per tur (to turlag på 7 med 1 guide på kvart lag)
Pris: 1750,-
Tidspunkt:
- Torsdag 08:00 - 17:30
- Torsdag 09:00 - 18:30
- Fredag 07:15 - 16:45
- Fredag 07:45 - 17:15
- Laurdag 07:45 - 17:15
Utstyr:
- Stor og god matpakke
- Stor vannflaske (Det er mulig å fylle vannflasker underveis- dette betyr dog ikke at man skal unngå å ta med en stor flaske)
- Gode sko
- Varme klær (vind- og vanntett skalljakke, lue, votter, buff, ullundertøy, ullsokker)
- Solbriller og solkrem
Det er viktig å ha gode fjellsko som går over ankelen og har stiv sole. Dette for best mogeleg sikkerheit. Elles, stiller me med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.
Oppmøte: Eit kvarter før avreisetidspunkt. Den store parkeringsplassen ved Fondsbu, det er felles avreise frå festivalområdet og inn i Koldedalen med bil.
Turane er i regi av Tau & Tind