Bli en spikkemester med DNT ung

fredag 17.07 kl. 12:00
Illustrasjonsbilde Spikkekurs Kathrine Westrum

Bli en spikkemester med DNT ung

Har du nokon gong tenkt, mens du spikkar på den ørtande pølsepinne; kan man gjere meir med ein kniv og ein pinne? Kanskje det går an å lage flere ting med treverk? Kanskje du har sittet med turmaten i den eine handa, og ei plastskei i den andre og lurt på om du kunne brukt ei treskei istadenfor?

På spikkekurs med DNT ung har du moglegheita til å bli kjent med nye folk i behagelege omgjevnadar, og kanskje kome ut av det med ei brukbar skei eller ei fløyte. Med litt rettleiing kan denne draumen gå i oppfylling. Me har kniver, trevirke og kunnskap, alt du treng er å  ta med god stemning og skaparvilje. 

Gradering: Grøn

Antal plassar: 14

Pris: Gratis

Tidspunkt:

  • Fredag 12:00–14:30 

Utstyr:

  • Drikkeflaske
  • Liggeunderlag
  • Eigen kniv om du har

Oppmøte: “Møteplassen” overfor vegen for turinfo

Kurset er i regi av DNT ung

Gradering av turar

Grønn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Middels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.