Midt i det rå og vakre landskapet i Jotunheimen vert du invitert til ei flytande, sterk og jordnær yogatime med Mari inspirert av naturen kring oss. Er du klar for å lande og kjenne deg levande samstundes? Dette er ei heilskapleg økt med flytande sekvensar, djupe andedrag og stunder med stillheit. Vi rører oss mellom det mjuke og det kraftfulle med merksemd på korleis det kjennest, ikkje korleis det ser ut. Her får du høve til å roe ned sinnet, vekkje kroppen og kjenne på ei indre kraft som alt bur i deg. Du treng inga erfaring og har ingenting du skal prestere. Møt opp som du er og bli med inn i eit rom der du kan lande, puste, røre deg og vere til stades i kroppen, i naturen og i augneblinken. Dette er eit raust pusterom midt i festivalen for deg som ønskjer meir ro, meir liv og meir nærvær før dagen begynner. Du kjem som du er og går frå matta endå litt meir som deg.
Kven er Mari?
Mari er gestaltterapeut og yogalærar med base i Oslo der ho underviser i både power yoga og soft flow. For Mari handlar yoga om opplevinga innanfrå, ikkje om korleis det tek seg ut. Ho underviser med utgangspunkt i eiga levd røynsle av korleis praksisen kan gje meir ro, tryggleik og indre styrke gjennom livets ulike fasar. Ho tok yogautdanninga si i eit vakkert fjellandskap i Peru og brenn for å gjere yoga ekte, tilgjengeleg og utan prestasjon, eit rom der du kan møte deg sjølv akkurat som du er. Mari står òg bak podkasten «ektefølt» og er oppteken av heilskapleg helse som rommar alt livet fører med seg. I timane hennar møtest mjukleik, stødigheit, leik, ro og kraft i balanse, og ho skaper eit rom der du kan lande, kjenne etter og gje plass til heile deg. Som ei ekte naturkvinne hentar ho mykje av si eiga kraft ute i naturen og gler seg til å dele yoga med deg på matta, i lyngen og i fjellet på Vinjerock.
Gradering: Grøn
Antal plassar: 20
Pris: 100,-
Tidspunkt:
- Torsdag 09-10
- Fredag 09-10
- Laurdag 09-10
Utstyr:
- Varme nok kle
- Liggeunderlag eller yogamatte
- Eit ope sinn
Oppmøtestad: “Møteplassen” ovenfor turinfo