Langeskavltind (2014 moh)
Lyst til å samle ein av Noregs 2000-meterstoppar? Bli med DNT ung på ein krevjande, men supersosial dagstur til Langeskavltind. Toppen ligg på heile 2014 moh, og herfrå får du strålande utsikt over Jotunheimen. Turen startar frå festivalområdet, der vi følgjer stien mot Sløtafjell, og derfrå får vi ein bratt stigning opp til Langeskavlen. Sjølve skavlen er slak og fin, og toppen byr på utruleg utsikt.
Turen går i variert terreng, med nokre parti med ur og ulendt terreng. Turen inneheld ingen eksponerte parti. Vi må rekne med å passere nokre snøfonner mot toppen. Det kan derfor vere lurt å ha på gode og solide sko.
Dette er ein lang og krevjande tur som føreset tidlegare erfaring med tur i terreng med dagstursekk. Turen er i overkant av 20 km og er gradert til svært krevjande. Sjå etappen på UT.no
Praktisk om turen:
Berekna tidsbruk er ca. 8–9 timar med gangfart på 3 km/t. Turens lengd og hastigheit kan avhenge av vêr- og gruppeforhold. Gi beskjed til turleiar(ane) om du har behov for tilpassingar på turen
Gradering: raud
Antal plassar:21
Pris: 350 kr
Tidspunkt: Fredag: 09:00 - 17:00
Utstyr:
- Stor og god matpakke
- Stor vassflaske (det er mogleg å fylle vassflasker undervegs – dette betyr likevel ikkje at ein skal unngå å ta med ei stor flaske)
- Gode sko
- Varme klede (vind- og vassavvisande skaljakke, lue, vottar, buff, ullundertøy, ullsokkar)
- Solbriller og solkrem
Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass" 15 minutter før avgang
Turen er i regi av DNTung