Lågterskeltur til Sløtafjellet (1401 moh)

fredag 17.07 kl. 10:00
Tur Inasolem 4

Dette er turen for deg som vil ha ein fin tur som ikkje krev alt av deg eller dagen.

Bli med på ein kortare tur der me går til ein av toppane i nærleiken av Eidsbugarden. Det einaste du må gjere er å ta med klede, vatn, snacks og møte opp ved Turinformasjonen klokka 09:45, vi går fra festivalområdet kl. 10:00. Torsdag går turen via Sløtatjern, opp til det fine utsiktspunktet på Sløtafjellet og ned att til Eidsbugarden. Turen tek rundt tre timar. 

Turen er beregna til ca. 4 timer med ganghastighet på 3 km/t. Tidsbruk vil sjølvsagt vêre avhengig av vær- og gruppeforhold. Se etappen på UT.no. Gje lyd til turleiarane om du har behov for tilpasningar på turen.

Tilrettelegging: Denne turen er tilrettelagt for rullestolbrukare, sei ifra til turleiar så fikses ein terrengstol!

Gradering: middels krevende

Antal plassar: 20

Pris: 150kr 

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass" 15 minutter før avgang 

Tidspunkt:

- Fredag: 10:00-13:00

Utstyr:

- Matpakke/snacks

- Stor flaske med vatn

- Gode tursko

- Varme klede (vind- og vanntett skalljakke, lue, votter, buff, ullundertøy, ullsokker)

- Sitteunderlag

- Solbriller og solkrem

- Badetøy

 

Turen er i regi av DNT ung

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.