Hjelledalstind

lørdag 18.07 kl. 09:00
Tur Falketind 20140718 0436

Tau & Tind tek deg med til eitt av dei mindre besøkte hjørna i Jotunheimen. Hjelledalstind dannar den majestetiske venstre portalen, medan Falketind ruvar som den dominerande høgreportalen inn mot Jotunheimen. Turen går gjennom frodig dalterreng før landskapet opnar seg mot stein, snø og høgfjell. Vi tek oss fram i variert terreng, med litt klyving og smale parti som gir akkurat passe sug i magen. Undervegs får du jamn stigning og storslått utsikt mot tindane rundt Koldedalen og Falketindmassivet. Mot toppen går me via Koldedalstind med eit snøparti, så vi tek med stegjern for trygg ferdsel heile vegen, slik at du kan nyte eit vidt panorama med store kontrastar og ei utsikt du kjem til å hugse lenge.

Gradering: Raud

Plassar: 6 per tur 

Pris: 1500,-

Tidspunkt:

  • Laurdag 09:00–17:30

Utstyr:

  • Stor og god matpakke 
  • Stor vannflaske (Det er mulig å fylle vannflasker underveis- dette betyr dog ikke at man skal unngå å ta med en stor flaske) 
  • Gode sko 
  • Varme klær (vind- og vanntett skalljakke, lue, votter, buff, ullundertøy, ullsokker) 
  • Solbriller og solkrem

Det er viktig å ha gode fjellsko som går over ankelen og har stiv sole. Dette for best mogeleg sikkerheit. Elles, stiller me med alt naudsynt sikringsutstyr.

Gradering av turar

Grønn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Middels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.