Fredag 25. april 2025 vart det sett uoffisiell verdsrekord i Hallingdans på Operataket i Oslo under Dansens Dagar 2025. Rekordhavaren Silje Onstad Hålien, frå Vang i Valdres, er no klar for å leie oss gjennom eit forsøk i å slå sin eigen uoffisielle rekord!
Ho har utforma ein dans tilpassa Vinjerock sitt publikum, og me lærer den saman før me dansar den i fellesskap for å slå verdsrekorden. Om fleir enn 350 stykk møter, har me klart det!
Me lovar at dette vert ein skikkelig pangstart på Vinjerock 2026! Møt opp!
Stad: Framfor scena Vesle-Vinje
Tid: Torsdag, 15:00-15:30