Treng du ein aldri så liten luftetur ut frå festivalområdet? Bli med oss i DNT ung på ein enkel og kort tur til Vinjeknappen. Toppen ligg på 1433 moh og er perfekt for deg som har lyst til å strekke litt på beina.
Fekk du ikkje vore med oss til Utsikten – eller kunne du tenkje deg ein ny tur med same utsynet? Frykt ikkje! Vinjeknappen byr på den same utsikta, berre frå motsett side av Vennisstøldalen.
PS: Du får òg flott utsikt til Mjølkedalsbreen herifrå! Turen går frå Eidsbugarden til toppen via T-merka sti. Me følgjer stien mot Yksendalsbu, forbi stidelet til Utsikten. Vennisstøldalen flatar raskt ut etter delet, før me følgjer stien vidare til elva breier seg ut og held fram i jamn stigning til den første varden. Derifrå er det berre 230 meter igjen til toppen.
Om ein ønskjer, kan ein gå rundt 100 meter vidare austover på høgdedraget til ein kjem til den stupbratte kanten på austsida av Vinjeknappen – med litt flaks kan du sjå villrein!
Praktisk informasjonTuren varer om lag 2–3 timar i roleg tempo (ca. 3 km/t), og tilpassast deltakarane og vêret.
Har du behov for tilrettelegging? Sei frå til turleiar, så finn me ei god løysing.
Gradering: grøn
Antal plassar: 25
Pris: Gratis med påmelding
Tidspunkt:
- Laurdag 10:00–12:30
Utstyr:
- Matpakke/snacks
- Stor vassflaske
- Gode tursko
- Varme klede (vind- og vasstett jakke og bukse, lue, vottar, buff, ullundertøy og ullsokkar)
- Solbriller og solkrem
Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass". Oppmøte kl. 09:45 – turen startar kl. 10:00.
Turen er i regi av DNTung