Snøggprat i lyngen: streit singeltur

fredag 18.07 kl. 13.00
Snøggtur I Lyngen Streit

Singel, glad i festivalar og likar å gå i fjellet? Då hadde det kanskje vore midt i blinken å finne kjærleiken – midt mellom telt og tindar.
Me ønskjer å sjå flørt i fjellet og vonar på god stemning når me inviterer til denne singelturen. To turleiarar viser veg og legg til rette for ei triveleg og uformell oppleving. Me gjer òg vårt beste for å sikre balanse mellom kjønna.

Her slepp du å lure på om ho i naboteltet er singel – og om de eigentleg har noko felles. Og viss du ikkje finn kjærleiken akkurat i dag, har du i alle fall fått deg ein fin tur – og ei grøn hue du kan ta med deg på neste fjellflørt.

Ting snøggprat i lyngen for streite

Gradering: grøn

Antal plassar: 30

Pris: Gratis med påmelding

Tidspunkt: Fredag 13:00–14:30

Utstyr:

  • Matpakke
  • Stor vassflaske
  • Gode sko
  • Grøn hue
  • Glimt i auget

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass". Oppmøte kl. 12:45 – turen startar kl. 13:00.

I mellomtida oppmodar me alle til å lese seg opp på fjellsjekkereglane:

 

Fjellsjekkereglane

  1. Legg gjerne ut på sjekking i fjellet utan trening. Øving gjer meister!
  2. Meld frå kvar du går, slik at de kan møtast igjen.
  3. Vis respekt for andre si luefarge. Grøn = ledig, raud = opptatt, oransje = kanskje open for kontakt.
  4. Bli vêrfast – og få ein ekstra dag til å finne din utvalde.
  5. Ta alltid med rikeleg med tursnacks som kan delast. Vegen til hjartet går ofte via magen.
  6. Lytt til erfarne fjellsjekkarar.
  7. Hugs kart og kompass – det gir òg ein god grunn til å spørje om hjelp.
  8. Gå ikkje åleine – spør om de skal slå fylgje.
  9. Vend i tide – det er ingen skam å springe etter for å be om telefonnummeret.
  10. Spar ikkje på smila – og le gjerne av dårlege vitsar!

 

Turen er i regi av DNTung

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar. 

Frisk gjerne opp på fjellsjekkereglene før turen

  1. Legg gjerne ut på sjekking på fjellet utan trening. Øving gjer meister!
  2. Meld frå kvar du går, slik at ein kan møtast igjen.
  3. Vis respekt for andre si farge på hua. Grønn hue tyder ledig, rau hue tyder oppteken og oransje tyder at ein kanskje er opa for kontakt.
  4. Bli vêrfast – og få ein ekstra dag til å finne din utvalte.
  5. Ta alltid med rikeleg tursnacks som kan delast. Vegen til hjartet går ofte gjennom magen.
  6. Lytt til erfarne fjellsjekkarar.
  7. Hugs kart og kompass, slik at du kan spørje om hjelp til å bruke det.
  8. Ikkje gå ålene, spør om de skal slå følgje.
  9. Vend i tide, det er ingen skam å springe etter for å spør om telefonnummeret.
  10. Ikkje spar på smila og le av dårlege vitsar om nøysamt.