Snøggprat i lyngen: skeiv singeltur

fredag 18.07 kl. 10.30
2022 07 22 Uten Navn 0056 661 Fotojoakimmangen

Er du singel, glad i festivalar og likar å gå i fjellet? Då finst det kanskje ikkje noko betre enn å finne kjærleiken – under Vinjerock!
Me vil sjå flørt i fjellet og håpar det oppstår søt musikk når me lanserar den gode stemninga frå singelturane i skeiv versjon. Om du er han, ho, eller hen – alle er velkomne til å prøve å finne kjærleiken saman med oss.
To turleiarar viser veg og sørger for god stemning, og me avsluttar det heile med å gå i PRIDE-paraden saman med resten av festivalgjengen. Me gjer sjølvsagt vårt beste for å sørge for variasjon i kjønnsbalansen!

Her slepp du å lure på om kjekkasen i teltet ved sida av er singel – og om de eigentleg har noko til felles. Finner du ikkje kjærleiken akkurat denne gongen, så har du i alle fall fått deg ein fin tur – og ei grøn eller regnbogefarga hue du kan bruke på neste fjelltur.

Ting snøggprat i lyngen for skeive

Gradering: grøn

Antal plassar: 30

Pris: Gratis med påmelding

Tidspunkt:

  • Fredag 10:00–11:30 (Pride startar 11:30) 

Utstyr:

  • Matpakke
  • Stor vassflaske
  • Gode sko
  • Grøn eller regnbogefarga hue
  • Glimt i auget

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass". Oppmøte kl. 09:45 – turen startar kl. 10:00.

I mellomtida oppmodar me alle til å lese seg opp på fjellsjekkereglane:

Fjellsjekkereglane

  1. Legg gjerne ut på sjekking i fjellet utan trening. Øving gjer meister!
  2. Meld frå kvar du går, slik at de kan møtast igjen.
  3. Vis respekt for andre si luefarge. Grøn = ledig, raud = opptatt, oransje = kanskje open for kontakt.
  4. Bli vêrfast – og få ein ekstra dag til å finne din utvalde.
  5. Ta alltid med rikeleg med tursnacks som kan delast. Vegen til hjartet går ofte via magen.
  6. Lytt til erfarne fjellsjekkarar.
  7. Hugs kart og kompass – det gir òg ein god grunn til å spørje om hjelp.
  8. Gå ikkje åleine – spør om de skal slå fylgje.
  9. Vend i tide – det er ingen skam å springe etter for å be om telefonnummeret.
  10. Spar ikkje på smila – og le gjerne av dårlege vitsar!

 

Turen er i regi av DNTung

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar. 

Frisk gjerne opp på fjellsjekkereglene før turen

  1. Legg gjerne ut på sjekking på fjellet utan trening. Øving gjer meister!
  2. Meld frå kvar du går, slik at ein kan møtast igjen.
  3. Vis respekt for andre si farge på hua. Grønn hue tyder ledig, rau hue tyder oppteken og oransje tyder at ein kanskje er opa for kontakt.
  4. Bli vêrfast – og få ein ekstra dag til å finne din utvalte.
  5. Ta alltid med rikeleg tursnacks som kan delast. Vegen til hjartet går ofte gjennom magen.
  6. Lytt til erfarne fjellsjekkarar.
  7. Hugs kart og kompass, slik at du kan spørje om hjelp til å bruke det.
  8. Ikkje gå ålene, spør om de skal slå følgje.
  9. Vend i tide, det er ingen skam å springe etter for å spør om telefonnummeret.
  10. Ikkje spar på smila og le av dårlege vitsar om nøysamt.