På denne turen leiter me etter planter med ymse bruksformål, både mat, krydder og medisin. Me hoppar òg innom giftplanter me møter på vegen, men fortrinnsvis let me vere å smake på dei. Det blir neppe moglegheit for å eta seg mett på det ein kjem over i løpet av turen, men dersom du ønskar å lære korleis ein kan krydre brennevin med urtar frå fjellet er dette absolutt noko for deg!
Kurset er i regi av Martin og Pernille
Gradering: grøn
Antal plassar: 25
Pris: 350,-
Tidspunkt:
- Fredag 13-15
- Fredag 16-18
Utstyr:
- Fjellsko/gode tursko
- Turklede
- Notatblokk kan også vere kjekt å ha med
Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass"